Kong Vologases V av Partia og andre austlege fyrstar støtta Pescennius Niger sitt krav om keisartrona. Provinsen Mesopotamia gjorde opprør med støtte frå Partia. Keisar Severus drog til Mesopotamia for å kjempa mot partarane.
Den romerske provinsen Syria blei delt opp og rolla til Antiokia minska. Romarane annekterte dei syriske byane Edessa og Nisibis.
Den sju år gamle sonen til Severus, Lucius Septimius Bassianus (Caracalla), endra namnet sitt til «Marcus Aurelius Antoninus» for å styrka banda til Marcus Aurelius-familien. Han blei også gjeven tittelen cæsar.
Clodius Albinus, som var blitt utropt til keisar i Britannia, gjekk inn i Gallia med legionane sine. Etter å ha rekruttert fleire soldatar der blei han leiar for ein hær på 150 000 mann.
Den siste Han-keisaren Xian av Han flykta frå Chang'an der han hadde vore kontrollert av Li Jue og Guo Si. Han levde deretter eit omflakkande og fattig liv med hoffet sitt.