Byste av keisar Commodus som Herkules frå år 191 eller 192.
Hendingar
Vologases V av Partia etterfølgde faren sin Vologases IV som konge av Partia.
Roma blei råka av ein bybrann som varte i fleire dagar og øydela fleire offentlege bygningar, mellom anna tempelet til Pax med biblioteket der og Vestatempelet. Etter brannen, i 191 eller 192, bygde keisar Commodus opp byen att og endra samstundes namnet hans til «Colonia Lucia Aurelia Nova Commodiana», etter seg sjølv. Han endra også sitt eige namn, dei på månadane, det romerske senatet, legionane, flåten som importerte korn frå Afrika til Roma og romarane sjølv, som skulle kalla seg commodianus.[1]
Vasudeva I blei herskar av Kusjan seinast dette året.[2]
Døde
Vologases IV av Partia
Sun Jian, kinesisk krigsherre, posthumt utnemnd til keisar Wulie av sonen Sun Quan