Jimmy Carter
James Earl Carter II (1. oktober 1924–29. desember 2024), oftast omtala som Jimmy Carter, var ein USA-amerikansk politikar for Det demokratiske partiet. Han var president i USA frå 1976 til 1981, som nummer 39 i rekkja over presidentar. Han er den lengstlevande amerikanske presidenten, og den fyrste som har levd i 100 år.[1] Han døydde den 29. desember 2024, 100 år og 89 dagar gammal.[2]
Hans største utanrikspolitiske suksess som president vart forhandlingane knytt til Camp David-avtalen mellom Israel og Egypt i 1978. Siste delen av presidenttida vart prega av ei gisselsak i Iran. Han stilte opp i presidentvalet i 1980, men vart slegen av Ronald Reagan.[3]
Etter avgangen som president engasjerte Carter seg i fredspolitisk arbeid verda over. Mellom anna har han mekla i konfliktområde i Latin-Amerika, Midtausten og Afrika. Jimmy Carter var den fyrste sitjande eller tidlegare amerikanske president som vitja Cuba sidan 1928. Vitjinga var eit forsøk på å betra tilhøvet mellom USA og Cuba.
I 2002 vart Carter tildelt Nobels fredspris for arbeidet sitt med å finna fredelege løysingar på internasjonale konfliktar.
Bokutgjevingar
(utval)
- Keeping Faith. Memoirs of a President (1982)
- The Blood of Abraham. Insights into the Middle East (1985)
- White House Diary (2006)
- Palestine: Peace not Apartheid (2006)
- Faith. A Journey for All (2018)
Galleri
-
Jimmy Carter i 1946, då han gjekk ut frå U.S. Naval Academy, med kona Rosalynn Carter og mora Lillian Carter.
-
Jimmy Carter i 1977.
-
Carter i 2011.
-
Jimmy Carter med dei andre tidlegare presidentane Bill Clinton, Barack Obama og George W. Bush i 2013.
Kjelder
- ↑ «Jimmy Carter, former US president, turns 100», www.bbc.com (på engelsk), henta 29. desember 2024
- ↑ Haram, Ola; Andersen, Elise Rønnevig (29. desember 2024), «Jimmy Carter er død», VG (på norsk), henta 29. desember 2024
- ↑ «Jimmy Carter» i Store norske leksikon, snl.no.
Bakgrunnsstoff
- Jimmy Carter hjå Nobelstiftelsen (på engelsk)