Thallium
| ||||||||||||||||||||||||||
Generelle eigenskapar | ||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Namn, kjemisk symbol, atomnummer |
Thallium, Tl, 81 | |||||||||||||||||||||||||
Kjemisk serie | Metall | |||||||||||||||||||||||||
Gruppe, periode, blokk | 13, 6, p | |||||||||||||||||||||||||
Tettleik, hardleik | 11850 kg/m3, 1,2 (ikkje SI) | |||||||||||||||||||||||||
Utsjånad | Sølvkvitt | |||||||||||||||||||||||||
Atomeigenskapar | ||||||||||||||||||||||||||
Atommasse | 204,3833 u (ikkje SI) | |||||||||||||||||||||||||
Atomradius (berekna) | 190 (156) pm | |||||||||||||||||||||||||
Kovalent radius | 148 pm | |||||||||||||||||||||||||
Ioneradius | 150 pm (ladning: +1) | |||||||||||||||||||||||||
van der Waals radius | 196 pm | |||||||||||||||||||||||||
Elektronkonfigurasjon | [Xe]4f145d106s26p1 | |||||||||||||||||||||||||
Elektron per energinivå | 2, 8, 18, 32, 18, 3 | |||||||||||||||||||||||||
Oksidasjonstrinn (oksid) | +1, +3 (svak base) | |||||||||||||||||||||||||
Krystallstruktur | Heksagonal | |||||||||||||||||||||||||
Fysiske eigenskapar | ||||||||||||||||||||||||||
Tilstandsform | Fast stoff | |||||||||||||||||||||||||
Smeltepunkt | 577 K (304°C) | |||||||||||||||||||||||||
Kokepunkt | 1746 K (1473°C) | |||||||||||||||||||||||||
Molart volum | 17,22 cm3/mol | |||||||||||||||||||||||||
Fordampingsvarme | 164,1 kJ/mol | |||||||||||||||||||||||||
Smeltevarme | 4,142 kJ/mol | |||||||||||||||||||||||||
Damptrykk | 5,33×10−6 Pa ved 577 K | |||||||||||||||||||||||||
Ljodfart | 818 m/s ved 25 °C | |||||||||||||||||||||||||
Diverse eigenskapar | ||||||||||||||||||||||||||
Elektronegativitet | 1,62 (Paulings skala) | |||||||||||||||||||||||||
Spesifikk varmekapasitet | 129 J/(kg·K) | |||||||||||||||||||||||||
Elektrisk konduktivitet | 6,17 MS/m | |||||||||||||||||||||||||
Termisk konduktivitet | 46,1 W/(m·K) | |||||||||||||||||||||||||
Ioniseringspotensial | 589,4 kJ/mol 1971 kJ/mol 2878 kJ/mol | |||||||||||||||||||||||||
Mest stabile isotopar | ||||||||||||||||||||||||||
| ||||||||||||||||||||||||||
SI-einingar og STP er brukt unntatt der det er avmerkt |
Thallium er eit metallisk grunnstoff med kjemisk symbol Tl og atomnummer 81. Det høyrer til gruppe 13 i periodesystemet.
Metallet er mjukt og lettformeleg, og kan skjerast i med kniv. Det har ein metallisk glans som det fort mister i luft, og får i staden ein blå-grå farge. For at stoffet ikkje skal oksidera oppbevarer ein det gjerne under vatn.
Bruk
Thallium er eit giftig tungmetall og har vore brukt til å forgifta rotter og insekt. Stoffet har òg vore brukt i giftmord på menneske.
Helse
Sjølve grunnstoffet og sambindingane det dannar er svært giftige. Dette er fordi det kan erstatta viktige alkalikation i kroppen, til dømes natrium og kalium. Ombytinga fører til at alle prosessane i cella stoppar opp. Stoffet var særs verknadsfult som mordvåpen før ein forstod korleis det verka og fann fram til ei motgift (berlinerblå, Fe4[Fe(CN)6]3). Thalliumforgifting fører mellom anna til at ein mister håret.
Thallium i mindre dosar kan truleg framkalla kreft.
På grunn av helsefarane er thallium ikkje lenger brukt som rottegift.
Thallium i kulturen
Krimforfattaren Agatha Christie, som hadde arbeidd som farmasøyt, hadde thalliumforgifting som mordmåte i romanen The Pale Horse (norsk: Den fjerde rytter). Ein fann ut kva offera døydde av fordi dei hadde mista hår.
Filmen The Young Poisoner's Handbook frå 1995 var basert på livet til Graham Frederick Young som drap minst tre menneske med thallium i 1960- og -70-åra.