Samfunnsvitskap
Samfunnsvitskap er vitskapen om korleis menneske og samanslutningar av menneske utviklar seg i forhold til kvarandre.
Sentralt står spørsmålet om kor fritt det enkelte mennesket og den enkelte samanslutninga er til å ta rasjonelle val, det vil seie val som er til størst mogleg nytte for den enkelte.
Innanfor denne vitskapsgreina finn ein først og fremst faga:
- samfunnsøkonomi
- sosialantropologi
- sosialpsykologi
- sosiologi
- statsvitskap
Skotta mellom desse faga er likevel ikkje tette.